G16: først kamp etter koronapausen

Hasundgot G16 møter Hareid i treningskamp søndag ettermiddag.

Sidan nedstenginga av fotballaktivitet som følgja av koronaviruset har det ikkje vore lov å spele kampar eller drive konkurranse som krev nærkontakt i breiddeidretten sidan mars.

Dette forbodet vart oppheva 1. august for barn og ungdom opp til og med 19 år.

Hasundgot sitt G16-lag skal derfor starte oppkøyringa til haustens fotballsesong i morgon, søndag, når dei inviterer Hareid IL til treningskamp på Hasundgot stadion.

Kampen startar klokka 13.00 for dei som skulle ønske å sjå kampen.

NB: Vi minner om at alle som skulle ønske å ta turen på stadion om å halde minimum éin meters avstand og elles ha god handhygiene på anlegget.