G16: to treningskampar mot Hareid

Oppkøyringa til haustsesongen godt i gang for gutelaget.

Frå 1. august har barn og ungdom fått løyve til å spele kampar igjen. Det har Hasundgots G16 teke god nytte av.

Allereie søndag 2. august vart det avtalt ein treningskamp mot Hareid sitt G16.

Etter ein jamn kamp endte det med siger 4-3 til Hasundgot. Hareid IL har skrive eit kampreferat frå oppgjeret, som du kan lese på heimesidene deira.

Éi veke seinare, søndag 9. august, var det duka for ein ny kamp mellom laga og også dette oppgjeret vart ein målfelt.

Hareid tok leiinga rett frå start, men etter ein spanande kamp endte bataljen med uavgjort 4-4.

Det er derfor ingen tvil om at det er målpotensial i gutelaget denne hausten! Samarbeidslaget Hasundgot/Haddal serieopnar heime mot Herd 2 laurdag 29. august.