Målkalas i første seriekamp i 2020 for juniorane.
Måndag kveld spelte Hasundgot sitt G19-lag sin aller første seriekamp sidan i fjor haust då dei tok turen til Mauseidvåg.
Motstandar var MSIL, som endte sist i same divisjon som Hasundgot førre sesong.
Kampen starta perfekt for Hasundgot, og Isak Sundgot sendte kvittrøyene i leiinga allereie i det 4. speleminuttet.
MSIL utlikna midtvegs i den 1. omgangen, men ei scoring av Nikolai Aursnes og ei ny målnotering av målsniken Sundgot sørgja for at Hasundgot leia 3-1 til pause.
Etter sidebytet skrudde Hasundgot på eit ekstra gir. To scoringar av Håvard Vik og Aleksander Vågen sørgja for at leiinga stadig vart meir komfortabel.
Men MSIL svara kontant med to mål i løpet av fem minutt og reduserte til 3-5.
Det var derimot ingen som helst tvil om kven som skulle bli sigerherrar denne måndagskvelden. Forutan at Sundgot kompletterte hat-tricket sitt, skreiv også Nicolai Molvær (2) og Paul Våge seg på scoringslista siste halvtimen.
Hasundgot rodde derfor inn eit sterkt resultat med 9-3-siger i første seriekamp på mange månadar.
Kampfakta
G19, 3.div, runde 1
MSIL – Hasundgot 3-9 (1-3)
Mauseidvåg KGB
Dommar: Jan Helge Lund, Godøy IL
HIL (4-3-3): Kristian Sundal – John Arne Riise Apelseth, Petter Overå, Herman Flø, Aleksander Marø Vågen – Nicolai Haddal Molvær, Nikolai Aursnes, Adrian Bergo Vattøy – Håvard Aarsand Vik, Isak Sundgot, Paul Våge
Innbytarar: Fredrik Dimmen, Noah Sundgot