Hasundgot-kampar veke 34

Haustens seriekampar for barne- og ungdomsfotball startar denne veka.

Etter mange månadar med venting er det endeleg klart for seriefotball igjen i breidde fotballen – i alle fall for dei under 20 år.

Hasundgot J13 tjuvstarta allereie på søndag, der det vart ein målrik kamp på Havila stadion. Hasundgot leia 7-4 til pause, men vann kampen med imponerande 14-7.

Her er ei oversikt over kampar denne veka (veke 34).

OBS! Vi minner om at alle kampar på Hasundgot stadion skal gjennomførast etter retningslinene i fotballens Koronahandbok. Vi ber både trenarar, spelarar, dommarar og publikum om å respektere instruksjonane som blir gitt av kampverten.

Måndag 17. august

Onsdag 19. august

  • J12: Hasundgot – Vanylven (kl. 18.30 på Hasundgot stadion)

Torsdag 20. august

  • J13: Hasundgot – Hjørungavåg (Kl. 18.00 på Hasundgot stadion)
  • G13: Hasundgot – Blindheim 3 (kl 18.30 på Hasundgot stadion)

Fredag 21. august

  • G11: Hasundgot – Ørsta Svart (kl. 18.30 på Hasundgot stadion)

Vi ønsker alle våre lag lukke med med kampane sine!