Spelarar frå 13 år og opp, samt trenarar, skal ta fotballforbundet sitt koronakurs.
Dette er eit obligatorisk kurs for alle aktive spelarar som skal spele i 13-årsklassen og opp til senior. Dette kurset er utarbeidd av Noregs Fotballforbund (NFF) og er tilgjengeleg digitalt i NFF sin e-læringsplattform.
Spelarar i ungdomsfotballen (13-19 år) må gjennomføre kurset innan utgangen av august, medan seniorar må ta dette kurset før ein kan kan delta i normal trening (når dette vert opna opp for).
Også trenarar, lagleiarar og andre funksjonar i støtteapparatet må gjennomføre kurset.
Kurset består av to delar: ein teoridel og ein quiz på fem spørsmål. Ein må ha gått gjennom teoridelen og svart rett på alle spørsmåla for å bestå kurset.
Korleis ta kurset?
For å ta kurset må du ha ein brukarkonto hos MinIdrett. Dersom du ikkje har dette frå før av, må du registrere deg.
Ved førstegangsregistrering treng ein fødselsnummer, e-post og mobiltelefonnummer. Ungdom under 18 år kan bruke ein forelder/føresett sin e-post og telefonnummer og bør få hjelp til å opprette konto av ein føresett.
Når du har oppretta ein brukar, eller om du har ein konto frå før, kan du logge deg inn på Fotballforbundet sin e-læringsplattform med brukarkontoen din.
Der vil du finne Fotballens koronavettkurs i kurskatalogen. Derifrå vil ein kunne starte kurset.
Det tek om lag 15 minutt å gå gjennom begge dei to delane av kurset.
Etter fullført kurs vil du få diplom som bevis på at du har gjennomført koronakurset. Ta gjerne vare på dette som dokumentasjon.
Hjelp og assistanse
Meir informasjon om koronakurset kan du lese på Fotballforbundet si heimeside.
Skulle du trenge hjelp eller teknisk assistanse, kan du eventuelt kontakte sportsleg leiar for rettleiing.