Oppstartsmøte for 6-årslag

Hasundgot IL inviterer foreldre og føresette til oppstartsmøte for nytt fotballag.

Vi ønsker alle foreldre og føresette vel overstått med skulestart for 1.klassingen!

For å bidra til ein god og trygg oppvekst, ønsker Hasundgot IL at flest mogleg barn og unge skal få eit godt aktivitetstilbod i sitt nærmiljø.

Idrettslaget ønskjer derfor å invitere foreldre og føresette til eit oppstartsmøte for fotballag for seksåringar. Dette gjeld både gutar og jenter!

Dette møtet vert på Hasundgot klubbhus, onsdag 9. september kl. 19.00.

I dette møtet ønsker vi mellom anna å kartlegge aktuelle deltakarar, instruktørar og kva forventningar ein kan ha til idrettslaget. Vi vil også fortelje litt om vår organisasjon og hjelpe med oppstart av lag, trening, osv.

Vi er heilt avhengige av engasjerte og inspirerte vaksne for å gi borna eit godt idrettstilbod, så alle er hjarteleg velkomne!

På grunn av koronasituasjonen ønsker vi å ha god oversikt på kor mange, og kven, som kjem til møtet. Vi ber derfor om at du melder deg på møtet i forkant. Bruk påmeldingsskjemaet lenger nede i denne saka.

Håper vi sjåast onsdag 9. september!

For eventuelle spørsmål, ta kontakt med:

Joakim Rødven
Sportsleg leiar
Tlf.: 48229993
E-post: sport@hasundgot.no