Breiddefotball på seniornivå avlyst

NFF har avlyst seriespel for 2020-sesongen.

Sidan 1. august har barn og ungdom fått lov til å spele kampar. I breiddefotballen for spelarar over 20 år har ein derimot ikkje hatt løyve til å delta i kampaktivitet.

Fotballforbundet sette ein frist for medio september for å kome igang med kontakttrening og kampaktivitet.

Ettersom det ikkje har blitt opna opp for dette enno, har forbundet sett seg nøydde til å avlyse seriespel frå 3. divisjon herrer, 2. divisjon damer og nedover i seriesystemet.

Det betyr at Hasundgot ikkje vil få spelt ein einaste kamp i 5. divisjon i år. Treningskampen mot Hareid i mars, som endte med eit 5-0-tap, er derfor den einaste kampen herrelaget har spelt hittil i år.

NFF vil saman med fotballkretsane diskutere moglegheitene for lokal turneringstruktur gjennom vinteren for å skape motivasjon og fotballglede for senior breiddefotball. Ei eventuell gjennomføring av dette er likevel avhengig av at myndigheitene gir klarsignal for kontakttrening og kampar.

Fotballpresident Terje Svendsen er svært lei seg for at det har kome hit.

– Dette er ein trist dag for forbundsstyret, 18 fotballkretsar og ikkje minst alle klubbar og spelarar som er berørt og har hatt eit håp om seriespel i 2020. Norsk fotball har tatt smittevern på alvor frå dag ein og utvikla gode smittevernprotokollar for alle nivå i norsk fotball, seier fotballpresident Terje Svendsen til fotball.no. Svendsen legg til:

– Vi har lykkast med mykje og fått opna opp for seriekampar i både toppfotball og barne- og ungdomsfotball. Gjennom dette har klubbane fått god erfaring med smittevern, og det er få eller ingen smittetilfelle som kan sporast tilbake til fotballaktivitet.

– For dei attståande seriane i senior breiddefotball satt vi opp avdelingar med få lag og korte reiseavstandar. Når regjeringen til tross for dette likevel ikkje har opna opp for normal kontakttrening igjen no, så har vi ikkje noko anna valg enn å avlyse sesongen. Det er rett og slett ikkje lenger praktisk mogleg å gjennomføre sesongen over heile landet.