J11: utan tap etter halvspelt sesong

God start på haustens sesong for våre jenter 11.

I 11-årsklassa for jenter er sesongen no halvspelt, med fire av åtte kampar i dobbel serie unnagjort.

Sesongen har hittil gått på skinner for jentene, som enno ikkje har tapt ein einaste kamp i si avdeling.

Sesongen starta med ein kjempesiger 6-2 mot Ørsta Kvit, før det vart ein ny knallkamp mot Ørsta Svart. Den kampen endte 5-1 til Hasundgot.

Mot Gurskøy i den tredje kampen vart det ein nervepirrande 6-5-siger for Hasundgot, før det vart ein like spanande kamp mot Volda 15. september som endte 3-3.

– Flott innsats av jentene, seier trenarane Kristin Marø, Mats Bigset og Arnt-Ivar Berg.

No står det att «returoppgjer» mot dei same fire laga før sesongen vert runda av heime mot Volda 27. oktober.

Lykke til i sesonginnspurten, jenter!