Kjempeoppmøte for nytt seksårslag

Fotballaktivitet

Måndag hadde 2014-kullet første fellestrening.

Sjølv om det var både regn og lunken temperatur, var det mange spente og ivrige barn som hadde møtt fram på Hasundgot stadion måndag kveld.

Dette var nemleg første gong at barn fødde i 2014 hadde fellestrening i regi av Hasundgot IL, og heile 18 nysgjerrige barn – både gutar og jenter – deltok i treninga.

Med minst like spente foreldre på sidelinja, fekk dei unge og lovande idrettsstjernene vere med på både leik, relasjonsarbeid og ikkje minst mykje fotballspeling i løpet av økta.

Etter ei handsopprekking til slutt viste det seg at så å seie alle var svært nøgde med fotballtreninga, og det var mange som allereie gledde seg til trenings neste veke.

Dette lovar bra for Hasundgot si framtid!

Interessert i å bli med?

Om det er fleire 6-åringar i Hasund og Dimna krins som kunne tenkje seg å bli med på trening framover, anten det så berre er for å prøve ut ei trening, er det absolutt ikkje for seint å hive seg med.

Har du spørsmål er det berre å ta kontakt med sportsleg leiar i Hasundgot IL for meir informasjon.