Breivik gir seg som juniortrenar

Etter mange års engasjement, gir 60-åringen seg med trenarverv.

I etterkant av juniorlaget sin siste kamp i år, eit spanande 2-2-oppgjer mot Stranda sitt andrelag, avslørte Lars Breivik overfor spelargruppa at han ikkje held fram som trenar i 2021.

60-åringen har dei siste tre sesongane heldt styr på laget, det det siste har vore ekstra tøft med tanke på usikkerheita rundt COVID-19.

No ønsker den tidlegare Hasundgot-keeperen med 339 a-lagskampar å få meir tid til andre ting i tida som kjem.

Breivik har lang fartstid med verv i klubben, som mellom anna inkluderer roller som hovudtrenar for både herrelaget, mellom 2015-2017, og damelaget før dette igjen.

Hasundgot ønsker derfor å takke Lars for mange års teneste for ulike lag! Vi set stor pris på både engasjementet som har blitt vist og innsatsen som har blitt lagt ned.

Vi reknar derimot med å både sjå og høyre deg på tribuneplass når seniorfotballen begynner å rulle igjen, forhåpentlegvis til neste år.