G13: Første bortesiger i år!

Endeleg kom siger på bortebane for G13.

Fredag kveld reiste G13 til Langevåg for å spele kamp. Det vart ein nokså utradisjonell banestørrelse då laga hadde avtalt å spele 6 mot 6, ettersom Hasundgot er litt for få gutar til eit heilt 7’ar-lag.

Det var ein kampklar gjeng som stilte til start, Hasundgot kom godt i gong og fekk to raske mål tidlig i kampen.

Mykje godt spel var det i kampen og Hasundgot skapte mange målsjansar. Laget leia på det meste 1-6, men Langevåg scora rett før pause.

– Mange flotte mål frå gutane, både langskudd og eit lekkert mål scora på haudet på ein corner, skriv lagleiar Gry Antonsen til Hasundgot-redaksjonen.

Etter pause blei det dessverre ikkje fleire Hasundgot-mål. Langevåg klarte å score eitt mål etter sidebytte, men utanom det stengde keeperen vår i samarbeid med resten av gutane buret 💪

Ein god kamp der Hasundgot jobba saman som eit lag!

– Så etter flott innsats av alle gutane kunne vi reise heim etter å ha vunne kampen 6-3!

Ref. Gry Antonsen