Interesseundersøking om eFotball

Hasundgot IL vurderer å starte opp ei satsing innanfor eFotball. Er dette noko for deg?

Som eit ekstra tilbod i tillegg til vanleg fotball, vurderer Hasundgot å starte opp ei satsing innanfor eFotball. Dette er fotball gjennom skjermen, der ein anten kan konkurrerere offline og online.

eFotball er i stadig vekst, og Hasundgot IL er interesserte i å undersøke om det er interesse for eit slikt tilbod i nærmiljøet. Tilbodet gjeld både gutar og jenter, uansett alder.

Eit tilbod innanfor eFotball vil innebere jamlege treningar med gaming (FIFA eller PES) anten online eller offline, der ein også vil ha fokus på fysisk aktivitet og kosthald.

Hasundgot inviterer derfor alle i Ulstein kommune, anten ein allereie er medlem av Hasundgot IL eller ønsker å bli det, til å svare på ei kort undersøking om for å kartlegge interessa for eFotball.

Er dette noko for deg? Svar på undersøkinga om eFotball.