6. mars 2021

Klubbmeisterskap i eFotball

Online eFotball-turnering for Hasundgot sine medlemmer.

For aller første gong vil Hasundgot IL arrangere klubbmeisterkap i eFotball denne hausten. I dette tilfellet gjeld det konsollspelet FIFA 21.

Meisterskapen skulle eigentleg bli arrangert på Hasundgot klubbhus, men nye restriksjonar i samband med COVID-19 gjer at vi vert nøydde å gjere turneringa heildigital.

Kampane og administreringa vert gjort gjennom nettsida Gamer.no.

Du kan også følgje utviklinga i eiga nettsak på Hasundgot.no.