6. mars 2021

Klare for kretsmeisterskap i eFotball

Tre spelarar skal representere Hasundgot.

Første steg i vegen til Noregsmeisterskapen, er kretsmeisterskap i dei 18 fotballkretsane.

I Sunnmøre fotballkrets skal Hasundgot delta saman med Larsnes IL (to lag), Aksla IL, Vartdal (to lag), Hareid IL (tre lag) og Tjørvåg IL.

Skulle Hasundgot vinne KM, vil vi saman med dei 17 andre kretsmeisterane og dei 14 beste laga i eSerien kome inn i Noregsmeisterskapen.

For Hasundgot er det spelarane Kristian Sundal, Marius Wik Asklund og Aleksander Marø Vågen som skal delta. Sportsleg leiar Joakim Rødven er lagleiar.

Kristian og Marius var begge med på Hasundgot sin klubbmeisterskap før helga, medan Aleksander er ny på «laget».

Kampoppsett KM

Gruppespillet består av 2 kampdager og 1 dag med treningskamper:

  • 19. november kl. 20:00 – 21:15
  • 3. desember kl. 20:00 – 21:15 (kampdag for gruppe med 4 lag, resten spelar treningskamp)
  • 10. desember kl. 20:00 – 21:15

Sluttspelet i kretsmeisterskapnt består av 1 kampdag:

  • 16. januar kl. 13:00 til 16:00

Vi ønsker gutane lykke til i gruppespelet!