Hasundgot gjekk til topps i G16-klassa.
Denne helga var det klart for sluttspel i futsal for gutar 16 år i Ulstein Arena, Ulsteinvik.
Der var også Hasundgot, som også var arrangørklubb, med som deltakar.
Etter at 2. divisjon vart ferdigspelt på føremiddagen, var det duka for å avgjere kretsmeisterskapen i 1. divisjon på ettermiddagen.
Med sigrar i alle kampane sine tok Hasundgot ein sterk 1. plass i turneringa, og sikra seg derfor kretsmeisterskapen i si årsklasse.
Vi gratulerer gutane, trenarar, lagleiarar og andre funksjonærar med ei imponerande turnering!
Tabellen
Lag | S | P | |
---|---|---|---|
1 | Hasundgot | 4 | 12 |
2 | Aksla | 4 | 9 |
3 | Langevåg 1 | 4 | 6 |
4 | Spjelkavik | 4 | 3 |
5 | Ørsta | 4 | 0 |
Heile tabellen kan du sjå på Fotballforbundet si heimeside.