3. august 2021

Klare for futsal 12-13. desember

Hasundgot er arrangørar i helgas runde i futsal for G16 og J17 i Ulstein Arena.

Førstkomande helg, den 12-13. desember, er Hasundgot arrangørlag for futsal-KM i Ulstein Arena.

Denne helga er det sluttspel for G16 og mellomrundespel for J17 som står for tur.

Vi minner om at alle involverte skal følgje fotballens koronavettreglar i løpet av heile turneringa. Generelle smittevernreglar gjeld naturlegvis som vanleg.

Kampgjennomføring

Det er eit spesielt år der vi må rette oss etter strenge retriksjonar med omsyn til COVID-19.

Kampane varer i 1 x 18 minutt med sju minutt pause mellom kampane. Då skal laga rekke å komme seg trygt av banen og innbytarbenkane, og arrangør rekk å vaske innbytterbenka/stolane før nye lag kjem til før kampstart.

Sjå elles informasjonsskriv om kampgjennomføring for futsal-KM frå Sunnmøre Fotballkrets om retningsliner for gjennomføring av turneringa.

Kampoppsett

Her finn du kampoppsett for guteklassene laurdag 12. desember:

Her finn du kampoppsett for jenteklassene søndag 13. desember: