Oppdatert adelskalender etter 2020-sesongen

Adelskalender for herrelaget er oppdatert.

Fotballsesongen 2020 vart på mange måtar eit «Annus horribilis»  (eit frykteleg år), der mesteparten av sesongen gjekk i vasken på grunn av COVID-19.

Medan barne- og ungdomsfotballen heldigvis fekk spelt i alle fall ein halv sesong, vart det så å seie ingen fotball på seniorane i år.

Herrelaget rakk derimot å spele éin kamp før heile fotballsesongen vart kansellert. Dette var ein treningskamp mot Hareid i mars, som hareidsdølane vann 5-0.

Følgjande spelarar var involverte i a-lagets einaste fotballkamp i 2020:

Frå start: Joakim Rødven – Marius Muren, Simon Spjutøy, Sander Gjerde, Daniel Skeide – Håvard Strand, Sander Ringstad, Nicolai Molvær, Håvard Vik – James Sjåstad, Elias Rooney

Innbytarar: Jonas Overå, Jon Arne Apelseth, Cato Veien, Khaled Khaleqi

Oppdatert adelskalender

Ettersom det berre vart spelt éin a-lagskamp i 2020 vart det naturleg nok ingen store endringar i adelskalenderen.

Her er likevel ein oppdatert adelskalender per 01.12.2020.