Har du ein trenarspire i deg?

Vi ser etter ivrige og engasjerte trenarar.

Vi held på å planlegge kabalen vår i alle aldersklassar. Målet er å stille lag i så mange klasser som mogleg – både på gute- og jentesida.

I det høvet er vi også heilt avhengige av både engasjerte foreldre og føresette, og også eksterne trenarspirar som ønsker å bidra i fotballfamilien.

Vi ser først og fremst etter trenarar til dei eldste aldersklassene våre, men også yngres er aktuelt.

Om du ønsker å vere med i trenarstaben vår, vil vi både tilby trenarkurs gjennom fotballkretsen og ikkje minst gi fotballfagleg støtte.

Er dette noko du vil bli med på? Ta kontakt med sportsleg leiar for ein uforpliktande prat! 🙂