23. januar 2021

Medlems- og treningskontingent 2021

Informasjon om årets kontigentar i Hasundgot IL.

Dei siste sesongane har Hasundgot nytta SuperInvite til å krevje inn medlems- og treningskontigent i idrettslaget.

Frå 2021 ønsker vi å ta i bruk Idrettsforbundet si løysing, som er drifta gjennom Min Idrett.

Med utgangspunkt i betalte medlemskontigentar frå 2020, har vi oppdatert våre medlemsregister i Min Idrett så godt vi kan.

Kva betyr dette for deg?

Vi oppmodar alle våre medlemmer til å logge inn i Min Idrett og kontrollere at opplysningane dine stemmer. Dette gjeld til dømes på adresse, e-postadresse, telefonnummer osv.

Vi oppmodar deg også til å sjekke at familierelasjonar stemmer, slik at eventuelle familierabattar vert rette. Familiemedlemskap gjeld for medlemmer som bor i same husstand.

Dersom du ikkje klarer å logge deg inn kan du prøve å velje «glemt passord» i innloggingsportalen. Dersom du ikkje har vore medlem i Hasundgot IL før, kan du opprette ny brukarkonto i Min Idrett.

Familierabatt

Born og ungdom yngre enn 18 år må vere registrert med ein føresett for å motta faktura. Den føresette treng ikkje å vere medlem om dette ikkje er ønskeleg, men må vere satt opp som familierelasjon.

Ein kan både leggje til og fjerne familierelasjonar inne i Min Idrett (klikk «min profil»).

Idrettsforbundet jobbar med å utbetre løysinga slik at vi kan halde fram med makspris for familiemedlemskap (600,-) og treningskontigent (1.600,-). Dette er venta å vere på plass i løpet av januar/februar.

Vi avventar derfor med å sende ut faktura for kontingentar for 2021 til dette er på plass, samt at årsmøtet har vedteke sats for årets medlemskontigent.

Korleis betalar eg mine kontingentar?

Systemet vi no ønsker å ta i bruk, gjer at vi kan sende ut faktura på e-post til kvar enkelt medlem. Du vil då få ein samlefaktura på medlemskap og eventuelle treningskontingentar som er registrert på deg/din familie.

Derfor er det ekstra viktig at du har registrert rett e-postadresse i Min Idrett.

Fakturaen kan anten betalast via nettbanken din med KID-nummer eller ved å logge inn i Min Idrett og betale med bankkort/Vipps. Det vert derfor enklare for både deg og for oss.

Spørsmål?

Noregs Idrettsforbund si heimeside kan du lese meir om Min Idrett og korleis dette systemet fungerer.

Har du spørsmål eller eller ønsker hjelp, kan du gjerne ta kontakt med sportsleg leiar i Hasundgot IL.