Hasundgot blant dei fire beste laga på Sunnmøre.
I fjor haust starta krinsmeisterskapen i eFotball i Noreg, der Hasundgot var eitt av 10 lag frå Sunnmøre som deltok.
Medan nokre av krinsane var ferdigspelte før nyttår, skulle Sunnmøre Fotballkrets avsluttast laurdag ettermiddag.
I gruppespelet sikra Hasundgot seg ein 2. plass i gruppe A, der Hareid 2 var det desidert beste laget i gruppa.
Det betydde semifinaleplass, der topplasserte i gruppe B Tjørvåg IL/Metizport vart motstandar.
Hasundgot og Tjørvåg IL/Metizport vann kvar sin kamp i dei to av dei tre første kampane, men i den siste og avgjerande kampen tok Tjørvåg IL/Metizport sigeren.
I finalen gjekk Hareid 2 sigrande ut av krinsmeisterskapen, og kan sjå fram til å delta i NM på vegne av Sunnmøre Fotballkrets. Der vil dei møte andre krinsmeistrar og dei beste frå E-serien.
Det vart derfor ikkje finaleplass for Hasundgot, men vi seier oss likevel veldig godt nøgde med å nå semifinale. Ein god lagprestasjon av spelarane våre: Kristian Sundal, Marius Wik Asklund og Aleksander Vågen.