2. august 2021

Nye COVID-restriksjonar frå 4. januar

Slik påverkar regjeringa sine nye koronaretningsliner oppstarten av 2021-sesongen.

Søndag 3. januar lanserte regjeringa nye tiltak og retningsliner for å redusere smitte av COVID-19. Ein del av desse retningslinene påverkar også fotball- og idrettsaktiviteten.

Følgjande vil derfor gjelde frå måndag 4. januar:

  • Innandørstrening, uansett alder, vert utsatt inntil vidare (truleg fram til 18. januar).
  • Utandørstrening, uansett alder, kan gjennomførast dersom ein opprettheld 1 meters avstand

Vi håper at situasjonen vil betre seg raskt, slik at vi kan gå tilbake til «normale» treningsforhold. Desse restriksjonane står inntil ny beskjed vert gitt.

Treningstips?

Her kan du finne tips til treningsaktivitetar for utespelarar med god avstand.

Her er også koronavennlege tips for keepertrening.

Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med leiar i fotballstyret eller sportsleg leiar.