Vi takkar alle våre grasrotgivarar for støtta i 2020!
Sidan 2009 har Hasundgot IL vore mottakar av Grasrotandelen hos Norsk Tipping.
Denne ordninga gjer at spelarar hos Norsk Tipping gir ein bestemt prosentsats av spelinnsatsen deira direkte til eit lag eller foreining.
Kalenderåret 2019 var det beste året nokon gong for Hasundgot, der idrettslaget mottok kr 96 544,30 av totalt 241 grasrotgivarar.
Fjoråret, i 2020, var også eit veldig godt år og genererte heile kr 95 787,91 frå 237 grasrotgivarar. Vi takkar alle som har ført opp Hasundgot IL som mottakar!
Dersom du ønsker å bli grasrotgivar for Hasundgot IL, kan du registrere deg på Norsk Tipping si heimeside om Grasrotandelen.
Fordeling Grasrotandelen 2020
Periode | Givarar | Sum per periode | |
1. Sep.–31. Des. | 237 | 34 172,44 | |
1. Mai–31. Aug. | 234 | 29 811,13 | |
1. Jan.–30. Apr. | 235 | 31 804,34 |