Desse ungdomslaga i Hasundgot er påmelde til vårsesongen 2021.
Måndag gjekk påmeldingsfristen for ungdomsklassene ut. I samarbeid med Haddal har vi nesten klart å stille lag i alle ungdomsklassene.
Dei einaste unntaka er G13, som spelar saman med G14, og J17. Ellers er vi godt representerte i dei andre alderstrinna.
Her er våre påmelde lag:
Jenter
- J13 (7ar)
- J15 (7ar)
Gutar
- G14 (7ar) i samarbeid med Haddal
- G16 (7ar) truleg i samarbeid med Haddal
- G19 (11ar) deltek i kvalifisering til 1. divisjon
I tillegg deltek også Hasundgot G20 i OBOS-cup denne sesongen, også det i samarbeid med Haddal.
Bli medlem!
Interessert i å bli medlem i Hasundgot IL og spele fotball i eit godt og triveleg miljø? Ta kontakt med sportsleg leiar for meir informasjon og for å kome i kontakt med våre trenarar!
Vi er også interesserte i fleire trenarkrefter i klubben. Om du er interessert, er det berre å ta kontakt for ein uforpliktande prat.