Tillatt med kontakttrening for aldersbestemte lag

Frå onsdag av kan barn og ungdom opp til og med 20 år delta i kontakttrening – både inne og ute.

Frå nyttår av har det vore innført strenge restriksjonar der Regjeringa har fraråda kontakttrening for alle: også for barn og ungdom.

På ein pressekonferanse måndag ettermiddag la Statsminister Erna Solberg fram nye tiltak, der følgjande vart presentert:

  • Barn og unge under 20 år kan delta i fritidsaktivitetar som normalt, både innandørs og utandørs. Dei vert unntatt anbefalinga om 1 meters avstand i fotballaktiviteten.
  • Kampar, cuper og stevner må framleis utsetjast.
  • Voksne (eldre enn 20 år) kan trene utandørs dersom ein kan halde god avstand (minst 1 meter).

Desse tiltaka gjeld frå onsdag 20. januar. Barn og ungdom er derfor velkomne til å starte opp att med kontakttrening (både i gymsalen og på KGB) frå denne datoen.