Informasjon om årets kontigentar i Hasundgot IL.
Det nærmar seg årsmøte i Hasundgot IL, og i det høvet ønsker vi å dele litt informasjon om nye rutinar for medlemsadministrasjon i idrettslaget vårt.
I år skal vi ta i bruk Norges Idrettsforbund sitt medlemsregister (Min Idrett) for å administrere medlemsopplysningar og fakturering av kontingentar i Hasundgot IL.
Kontingentar til alle medlemmene våre vil bli sendt ut per e-post i etterkant av årsmøtet 3. mars.
Kva må du gjere?
Vi oppmodar deg til å sjekke at medlemsopplysningane dine stemmer. Dette gjeld t.d. adresse, e-post, telefonnummer og fødselsdato.
Dette gjer du ved å logge inn i Min Idrett her: https://minidrett.nif.no/ og rettar opplysningane i fanen «min profil».
Dersom du ikkje har vore inne i Min Idrett tidlegare kan du anten velje «Glemt brukernavn/passord?» eller opprette ny brukar for å få eit brukarnamn.
Familiemedlemskap
Som tidlegare år vert ordninga om familiekontingent vidareført i det nye systemet. Det betyr at uansett om du melder inn 2, 3, 4 eller fleire i din familie, vil maksprisen for familiemedlemskap vere kr 600,- per familie.
Pris for enkeltmedlemskap er 300,- (med mindre årsmøtet skulle vedta noko anna).
Vi håper derfor at du ønsker å melde inn heile familien i Hasundgot IL, ettersom vi får støtte per medlem frå idrettsforbundet.
Familierelasjonar på allereie innmeldte medlemmer kan du registrere i Min Idrett. Nye medlemmer kan du melde inn her: https://medlemskap.nif.no/26023
Om du er usikker på om familierelasjon er oppretta for din familie, ta gjerne kontakt med underteikna så finn vi ut av det 🙂
Treningskontingent
Medlemmer som ikkje er aktive skal berre betale medlemskontingent. Aktive utøvarar skal også betale treningskontingent.
Denne kontingenten vert også fakturert gjennom Min Idrett og vil vere fastsett ut frå alder. Aktive medlemmer skal vere registrert i greina Fotball, medan medlemmer som ikkje er aktive berre skal vere medlem av Hasundgot IL.
Dette kan du endre i fanen «medlemskap» når du loggar inn med brukaren din: https://minidrett.nif.no/
Utmelding
Dersom du ikkje lenger ønsker å vere medlem i Hasundgot IL, kan du anten melde deg ut via Min Idrett: https://minidrett.nif.no/ eller ta kontakt med sportsleg leiar for assistanse til å avslutte medlemskapet.
Dersom du har spørsmål eller ønsker teknisk hjelp, er det sjølvsagt berre å ta kontakt ved å sende mail til sport@hasundgot.no.
Hasundgot IL set enormt stor pris på at du støttar idrettslaget, og meir enn nokon gong i desse tøffe koronatider.
Forhåpentlegvis kan vi sjå fram mot eit år med mykje idrettsglede og samhald også i 2021.