Utanom ordinære årsmøtesaker vart det vedteke ny struktur i Hasundgot.
I alt 13 medlemmer hadde møtt fram då Hasundgot IL arrangerte sitt årlege møte onsdag 3. mars. Alle dei 13 frammøtte var røysteføre til årsmøtet.
Etter ein god og grundig gjennomgang av idrettslaget si årsmelding, herunder også gruppeårsmeldingar, godkjente årsmøtet rekneskapet for 2020.
Leiar i Hasundgot IL, Eirik Lorentzen, orienterte årsmøtet om at rekneskapet synte eit underskot på rundt kr 40.000, men at nokre innbetalingar til idrettslaget ikke kom med på rekneskapen.
Reelt resultat var derfor eigentleg rundt 100.000 kroner i overskot, ifølgje Lorentzen.
Ny struktur
Av innkomne forslag som skulle handsamast av årsmøtet var det berre éi sak, som kom frå Hovudstyret ved leiar Eirik Lorentzen.
Framlegget gjekk på å endre organisasjonsstrukturen i idrettslaget. Det vart fremja forslag om å redusere talet på styrer frå 2 til 1, der hovudstyret vart det einaste styret i idrettslaget. Det tidlegare fotballstyret vert gjort om til eit sportsleg utval.
I forslaget vart det føreslått at medlemmene i fotballstyret vert overført til det sportslege utvalet.
Dette framlegget vart vedteke med 12 mot 1 røyst.
Val av verv
På grunn av tekniske utfordringar med e-postoversending frå valnemda, valde årsmøte derfor å velje nytt styre i Hasundgot IL, der kvar gruppeleiar får i oppgåve å organisere si avdeling i dialog med valnemnda.
Nytt styre i Hasundgot i 2021 vert derfor: Eirik Lorentzen (leiar – attval), Arild Støylen (sekretær – ikkje på val), Erlend Havåg (kasserer – ny), Barbro Eikrem (leiar økonomi – ny), Roger Vågen (ikkje på val), Marianne Breivik (leiar trim – ny), Joakim Rødven (leiar sport – ny).
Nyvald leiar, Lorentzen, takka årsmøtet for tillit til å leie idrettslaget eitt år til og samtidig takke dei som no går ut av styreverv.
– Vi har mange flinke folk i idrettslaget og no når nokre går av er det fullt fortent med nokre lovord. Mellom anna har Martin Løset stått på i utallige timar på feltet dei siste åra og gjort ein stor innsats for å halde fotballtilbodet i gang i ei krevjande koronatid, seier Lorentzen, og legg til:
– I tillegg har også Gunnar Bigset stilt seg disponibel som kasserer sjølv om han signaliserte i fjor at han ønskte ein pause. Torill Haddal har saman med økonominemnda gjort ein veldig viktig jobb med å få pengar inn i idrettslaget og Gry Antonsen har i mange år stått i bresjen for å gi eit godt tilbod i trimgruppa vår.
– Sist, men absolutt ikkje minst, er det også viktig å få takke alle dei som går ut av verv i dei ulike gruppene. Vi har vore heilt avhengige av alle saman og eg vil takke dei for innsatsen deira.
Uforandra medlemskontigent
Elles vedtok Årsmøtet å behalde medlemskontingenten på 300,- for enkeltmedlem og 600,- for familiemedlem også i 2021.
Budsjettet for 2021 vart vedteke med atterhald om at nokre små korrigeringar vert retta opp i.
Organisasjonsplan vart ikkje vedteke, ettersom denne må utarbeidast på nytt i samband med vedtaket i saka om ny organisasjonsstruktur. Ny organisasjonsplan vil verte utarbeidd i løpet av 2021 og lagt fram for årsmøtet i 2022.