17. mai 2021

Tre nye år med Sparebanken Møre

Hasundgot og Sparebanken Møre held fram samarbeidet.

I ei lang årrekke har Sparebanken Møre vore Hasundgot sin hovudsponsor. Vi er derfor svært glade for å kunngjere at banken held fram som hovudsponsor i ytterlegare tre år.

Onsdag 17. mars signerte både Sparebanken Møre og Hasundgot ei forlenging av avtalen. Det var derfor ein god dag for begge partar.

Ei stor takk går til sponsormedarbeidar Eldar Overå, som har jobba iherdig i vinter med å fornye – og finne nye – sponsoravtalar i idrettslaget.

Banksjef i Sparebanken Møre, Ellen Kvalsund, la vekt på at det var viktig for banken å signalisere at dei ønsker å vere med på laget framover, slik at Hasundgot kan ha fokus på å gi eit best mogleg tilbod for medlemmene.

Blant mange andre viktige bidrag, har Sparebanken Møre til dømes vore ein sentral aktør for å realisere kunstgrasbane på stadion for vel 10 år sidan – og i nyare tid ein tribune på stadion i fjor.

Meir detaljar om signeringa kan du lese i Vikebladet Vestposten.