Ungdomsfotball: terminliste 2021

Terminlista for årets sesong i ungdomsfotballen er klar.

Onsdag 17. mars publiserte Sunnmøre fotballkrets årets terminliste for ungdoms- og seniorfotballen i kretsen.

Oversikt over dei ulike aldersklassene kan ein finne på fotballkretsen si heimeside. Du kan også søke opp Hasundgot sine lag i NFF sin kampkalender.

Påmelde ungdomslag i Hasundgot denne våren er:

  • G19: Hasundgot/Haddal (oppstart 19. april)
  • G16: Hasundgot/Haddal (oppstart 16. april)
  • G14: Haddal/Hasundgot (oppstart 19. april)
  • J13: Hasundgot (oppstart 20. april)

Vaksenfotball

I vaksenfotballen har Hasundgot påmeldt seniorlag for både herre (11ar) og dame (7ar).

Per tid har vaksenfotballen ikkje fått grønt lys til å starte med kontakttrening enno. Kretsen har signalisert at laga treng minst 4 veker frå dei får lov til å drive kontakttrening til seriespel kan starte.

Førebels oppstart for senior herre i 5. divisjon er sett til 15. april, men dette er nok ikkje ein reell dato ettersom det vil truleg ikkje opne for kontaktidrett før etter påskeferien (tidlegast).