17. juni 2021

Bestod rekrutteringsdommarkurset med glans

I vår gjennomførte Nikodemus Garshol trinn 2 av dommarutdanninga.

Hasundgotaren kan dermed dømme fotballkampar opp til og med 16-årsklassa.

Ved sesongslutt vert rekrutteringsdommarar vurdert med tanke på autorisasjon som kretsdommar.

Sunnmøre Fotballkrets har oppnemnd Dagfinn Berg Tjervåg som rettleiar/fadder for sesongen 2021.

Biletet over er tatt frå ein treningskamp mellom Hasundgot og Hødd J13 onsdag 5. mai.

Vi ønsker Nikodemus lykke til med dømminga i årets sesong!