17. juni 2021

SPAR held fram som kampsponsor

Hasundgot og SPAR Straumane forlenger sponsoravtalen.

Det er svært gledeleg å annonsere at SPAR Straumane vert med på laget også i 2021.

Butikken har vore Hasundgot sin kamp- og turneringssponsor sidan 2018, og har no forlenga avtalen med idrettslaget ut inneverande år.

Hasundgot er veldig nøgde med at SPAR Straumane ønsker å halde fram med det gode samarbeidet, der Hasundgot får gode prisar på innkjøp av varer til våre kamp- og turneringsarrangement.

I tillegg er vi veldig glade for å bidra til å styrke posisjonen til nærbutikken i bygda, som er svært viktig for lokalmiljøet.

Vi håper også at våre medlemmer ønsker å leggje handleturen til SPAR og bruke butikken flittig!

Hasundgot IL ser fram til å halde fram det gode samarbeidet med vår kamp- og turneringssponsor 🤝

Eldar Overå og Marcus Karlsen
Sponsoransvarleg i Hasundgot IL, Eldar Overå (t.v.), og kjøpmann ved SPAR Straumane, Marcus Karlsen.