Full gjennopning av breiddeidretten

Under Regjeringa si pressekonferanse fredag 18. juni vart det opplyst at breiddeidretten så å sei vert heilt opna opp att.

Barn og ungdom no får lov å spele kampar som normalt både i og utanfor eigen krets. Det er også no opna for at vaksne over 20 år får lov til å trene med kontakt, og spele kampar, i sin eigen krets.

Desse lettingane gjeld med verknad frå i dag, fredag 18. juni.

Regjeringa oppmodar framleis til å drive idrett utandørs enn innandørs, og det kan no vere treningsgrupper på opptil 40 personar ute.

Følg gjerne med på Sunnmøre Fotballkrets si heimeside for meir informasjon om korleis gjennopninga av seriefotballen vil bli framover.

Lettingar i breiddeidretten:

  • Full kontakt for vaksne i breddeidretten
  • Unntak frå avstandskravet for vaksne som deltek på idrettsarrangement innanfor eigen region eller krets
  • Ved idretts, – kultur- og fritidsaktivitetar kan vaksne over 20 år samlast i grupper på 30 personar innandørs og 40 personar utandørs
  • Barn og unge under 20 år over heile landet kan delta som utøvarar på idrettsarrangement eller konkurranse og utan krav om éin meters avstand