Klar til å ta fram fotballskoa igjen?

Vi ønsker fleire aktive spelarar i Hasundgot-familien!

Fredag 18. juni opna Regjeringa opp for at breiddefotballen kunne begynne å rulle igjen.

Det er stort sett aktivitet heile veka på Hasundgot, og vi tek gjerne imot endå fleire aktive som ønsker å kome igang igjen med både trening og seriekampar.

Ta deg ein tur på trening då vel! Det er sjølvsagt heilt i orden å prøve seg nokre treningar før du skulle bestemme deg for å bli med fast.

Vi har eit tilbod i dei fleste aldersklasser, alt frå 7-åringar og opp til senior.

Spesielt vaksne (20+ år) er veldig velkomne for å blåse liv i senior herre og senior dame, som ikkje har fått spele kampar sidan mars 2020 ⚽

Ta gjerne kontakt med sportsleg leiar: sport@hasundgot.no for meir informasjon om treningstid for det aktuelle laget.

Trimfotball?

Vi har også tilbod for «godt vaksne» som berre ønsker å spele fotball for å halde seg i form i godt lag – sjølv om konkurranseinstinktet er på topp.

Då er Old Boys det perfekte for deg!

Ta gjerne kontakt med Morten Knutsen for meir informasjon om vårt Old Boys-lag om dette er noko for deg.