Påminning om NFFs koronavettkurs

Spelarar, trenarar og lagleiarar i ungdoms- og seniorfotball skal gjennomføre digitalt koronakurs.

I fjor lansert Noregs Fotballforbund koronavettkurset, som skulle gjere alle spelarar, trenarar og lagleiarar bevisste på smittevern.

Dette kurset er også obligatorisk i 2021.

Koronavettkurset er tilgjengeleg på NFF si heimeside, og skal gjennomførast digitalt. Kurset er obligatorisk for spelarar 13 år og eldre, samt trenarar og lagleiarar for desse alderstrinna.

Fullført kurs vil leggje seg i «kompetanse»-fanen på spelaren sin profil på fotball.no.

NFFs koronahandbok seier at «Klubben skal legge til rette for å følge opp trenere, ledere og spillere, over 13 år, slik at de gjennomfører koronavettkurset.»

For spørsmål eller hjelp, ta kontakt med sportsleg leiar i Hasundgot.