God gjennomkøyring for herrelaget då LGFK kom på besøk.
Ikkje sidan februar 2020, då Hasundgot tok imot Hareid til treningskamp, har herrelaget fått høve til å spele fotballkampar.
Det var derfor ein spent gjeng som endeleg fekk bryne seg på full bane igjen, dryge eitt og eit halvt år etter nedstenginga i fjor.
Trenar Per Gustavsen hadde komponert laget sitt med mange nye debutantar. Mellom anna fekk nyinnhenta ex-høddar Helge Edinsen sine første minutt for Hasundgot, i tillegg til at Even Bjåstad (frå Hjørungavåg) som signerte i fjor endeleg fekk debutere på a-laget etter å ha spelt U20 forrige sesong.
Elles var det mange nye juniorspelarar som fekk prøve seg på a-laget for første gong, som Bendik Dimmen, Adrian Vattøy, Noah Sundgot og Simon Mork.
Opninga på kampen var jamn og tett, og Hasundgot stod overraskande godt mot 4.-divisjonslaget LGFK.
Etter eit par halvsjansar, skulle endeleg scoringa kome for heimelaget. Eit godt innpiska innlegg frå venstreback Even Bjåstad fann vegen fram til Nicolai Molvær, som akkurat fekk stukke fram ein sko. Ballen smalt i stolpen og inn i mål. 1-0!
Leiinga varte derimot ikkje så veldig lenge. Etter eit innlegg vart det ein liten kommunikasjonssvikt mellom forsvarar Marius Muren og keeper Joakim Rødven. Rødven var på veg ut, men Muren heada ballen mot mål. Med nød og neppe fekk sisteskansen akkurat ikkje fiska ballen ut av nota, og ballen hamna i eige mål.
Men Muren-slekta skulle rette opp; eit nytt strålande angrep sørgja for at innbytar Daniel Muren fekk kome åleine med keeper Kristian Sundal – som var leigd ut til LGFK for kvelden. Muren vippa ballen over keeper, og dalte i ein fin boge inn i mål. Hasundgot var tilbake i leiinga, og tok med seg den gode kjensla inn i 2. omgang.
Bortelaget hadde bestemt seg for å prøve å stressa Hasundgot i starten av den 2. omgangen, og etter kvart skulle det verte nettkjenning for dei tilreisande frå Sande.
Eit god gjennomspel mot Thomas Sætre Hauge gjorde at spissen kunne setje fart mot mål. I duell med Rødven og Edinsen smatt ballen LGFK sin veg, og Hauge fekk ein enkel jobb med å setje inn kampens fjerde scoring.
Då vart det ei lang periode med mykje kriging på midten, og dei heilt store sjansane uteblei på Hasundgot stadion.
Men mot slutten av kampen skulle det dra seg til.
Første scora Isak Sundgot sitt 11. mål for Hasundgot etter eit nydeleg innlegg frå høgresida. Deretter skulle det verte kontroversar i den andre enden av banen.
LGFK-spelar Bam Hide gjekk over ende inne i Hasundgot sitt målfelt. Det kunne sjå noko billeg ut ved første augekast, men dommar Richard Olsen peika etter litt betenkingstid bestemt på 11-metersmerket.
Frå krittmerket var kaptein Preben Sætre sikker som banken og sendte keeper til venstre medan han sjølv skaut til høgre.
Det vart den siste scoringa i kampen, som dermed endte 3-3. Samla sett ein god test inn mot haustens sesong i 5.-divisjon, som sparkast i gang torsdag 12. august heime mot Vigra.
KAMPFAKTA
Treningskamp
Hasundgot – Larsnes/Gursken 3-3 (2-1)
Hasundgot stadion
Ca. 80 tilskodarar
Dommar: Richard Olsen, Åmdal IL
MÅL: 1-0 Nicolai Molvær, 1-1 Marius Muren (SM), 2-1 Daniel Muren, 2-2 Thomas Sætre Hauge, 3-2 Isak Sundgot, 3-3 Preben Sætre
Hasundgot (4-4-2): Joakim Rødven (K) – Marius Muren, Helge Edinsen, Bendik Dimmen, Even Bjåstad – Adrian Vattøy, Sebastian M. Kleven, Nicolai Molvær, Noah Sundgot – Simon Mork, Cato Veien
Innbytarar: Kristian Sundal, Simon Spjutøy, Håvard Fiskaa, Sander Ringstad, Daniel Muren, Ruben Muren, Isak Sundgot