Dramatisk siger i opningsrunda

Intens start på haustens sesong då Vigra kom på besøk.

Det var endeleg klart for ny seriekamp på Hasundgot stadion då vi inviterte Vigra til dyst torsdag kveld.

Sist desse to laga møttest var på  det eit flatterande 10-3-tap på Rota stadion, og det var eit intrykk Hasundgot ønskte å rette opp denne gongen.

Etter ein forsiktig start hos begge lag vart det plutseleg mykje som skjedde på ein gong.

Rundt 13 minutt spelt fekk Hasundgot tildelt eit hjørnespark som truleg burde ha blitt femmeterspark for bortelaget. På denne corneren fekk Stian Pedersen stanga inn 1-0 for vertane. Kanonstart på oppgjeret!

Gleda var derimot kort, for berre nokre få straksar seinare utlikna Vigra. På eit langt oppspel smatt ein Vigra-angripar gjennom, og det som såg ut som ein hands vart oversett av dommartrioen. Ballen vart lobba over keeper og i mål.

Avgjersla var lite populær blant heimelaget, men slik sett burde kanskje heller ikkje 1-0 ha vore godkjent. Begge lag var derfor like langt.

Resten av omgangen var både jamn og tett, og sjølv om Hasundgot produserte nokre halvskumle sjansar heldt stillinga seg til pause.

Etter sidebyttet heldt den jamne stillingskrigen fram, men dramatikken var langt frå over.

Før 15 minutt av den 2. omgangen var spelt varta spydspiss Isak Sundgot opp med eit kremmarhus av ei avslutning. Med høgrefoten klemde spissen til og ballsen suste inn oppe i det venstre hjørnet. Vakker scoring!

Vigra fekk sjansen til å slå tilbake då ein Vigra-spelar vart felt inne i Hasundgots 16-meter, og elles så sikre Kenneth Kjevik tok ansvar frå 11-metersmerket.

Denne gongen tippa keeper Joakim Rødven rett veg og boksa ballen ut av farleg sone. Framleis 2-1 til Hasundgot – og ei viktig vitamininnsprøyting inn mot det siste kvarteret.

Nokre minutt seinare fekk også Hasundgot moglegheita til å setje inn kampens 4. scoring då Nicolai Molvær gjekk i bakken innanfor målfeltet til bortelaget.

Sundgot jakta si andre scoring for kvelden, men heller ikkje denne gongen vart det straffescoring. Keeper Hans Arne Bjørdal-Hjeldnes gjekk rett veg og returen vart klarert unna.

Vigra pressa på for ei utlikning på tampen, men Per Gustavsens utvalde klarte å holde stand i sluttminutta.

Ein sterk slitesiger vart derfor dradd i hamn, ein viktig siger for Hasundgot sidan det i år berre er halv sesong. Då tel alle poeng svært mykje i kampen om å halde seg i divisjonen.

Kampfakta

5. divisjon, runde 1
Hasundgot – Vigra 2-1 (1-1)
Hasundgot stadion
Ca. 75 tilskodarar
Dommar: Richard Olsen, Åmdal IL
Gule kort (HIL): Stian Pedersen, Simon Spjutøy, Even Bjåstad
MÅL: 1-0 Stian Pedersen (13), 2-1 Isak Sundgot (58)

Hasundgot (4-4-2): Joakim Rødven – Marius Hauge Muren, Simon Spjutøy, Helge Kalvatn Edinsen, Even Årsbog Bjåstad – Stian Pedersen, Nicolai Haddal Molvær, Adrian Bergo Vattøy, Sebastian Moldskred Kleven – Isak Sundgot, Cato Veien

PS: biletet i toppen er eit oppgjer mot Vigra i 2019.