Første seriekamp på 658 dagar

Torsdag gjer herrelaget seg klare til første seriekamp sidan hausten 2019.

Lite visste vi at 24. oktober 2019, då Hasundgot slo Ellingsøy 2-1 på Hasundgot stadion, skulle bli den siste kampen på veldig lenge for Hasundgot sitt herrelag.

I 2020 rakk herrelaget å spele éin treningskamp mot Hareid i sesongoppkøyringa, før heile verda gjekk i nedstenging.

Sidan den gong har det vore lite å juble over som breiddefotballspelar på seniornivå, og seinast i sommar fekk vaksne over 20 år lov til å trene og spele med kontakt igjen.

Det har blitt lite kamptrening for Per Gustavsen sitt lag, men det vart ein spanande treningskamp mot Larsnes/Gursken tidlegare i sommar som endte 3-3 på Hasundgot stadion.

No er det omsider klart for seriekamp igjen og alvoret er for fullt tilbake.

På grunn av at seniorar først fekk sleppe til i sommar vert det berre spelt halv sesong i 2021. Haustsesongen vert derfor spelt som oppsett utan endringar.

Det betyr at første test er heime mot Vigra IL.

Dei seinare åra har dette vore ein vanskeleg motstandar for Hasundgot, og på dei siste sju kampane sidan 2013 har det endt med éin siger og seks tap.

I to av desse kampane har det vore 10 baklengsmål for Hasundgot, rett nok begge gongene på Vigra.

Sist laga møttest på Hasundgot stadion var på sjølvaste 16. mai i 2019. Før kampen var 15 minutt gamal låg Hasundgot under 2-0 og vart redusert til 10 mann, men fantastisk lagmoral sørgja for at vi snudde kampen til 3-2.

Blir det reprise av dette torsdag kveld? Det gjenstår å sjå! Delta gjerne på vårt Facebook-arrangement for ein ekstra påminnar.

Vel møtt til kamp!

Kampdetaljar

5.-divisjon, runde 1
Hasundgot – Vigra IL
Hasundgot stadion
Avspark torsdag 18.30
Dommartrio: Richard Olsen (Åmdal IL), Niklas Bertil Hurlen Spets (Aalesunds FK), Bengt Kvalsvik (Blindheim IL)