Tre av tre sigrar på turnering på Eidsåvoll i helga.
Endeleg var det klart for miniturnering igjen denne helga, då Vanylven FK inviterte til turnering på flotte forhold på Eidsåvoll stadion.
Gutane gjennomførte i alt 3 kampar på miniturneringa. Der vart det full pott!
Kampane enda med resultata 4-3, 13-0 og 6-0 mot henholdsvis Hødd Blå, Vanylven og Gjerdsvika.
Før denne turneringa har G9 også fått ein god tilvekst i laget, ettersom 5 gutar født 2011 har kome med på dispensasjon på grunn av manglande kamptilbod i eiga årsklasse.
Av desse fem var 3 av spelarane med i helga.
Vi gratulerer trenarane og spelarane med ei fantastisk innsats på turnering!