Meld deg på rekruttdommarkurs i Ørsta!
Så vel som to lag, er det like viktig med ein dommar på ein fotballkamp.
Sunnmøre Fotballkrets er stadig på jakt etter fleire dommarar, og treng både gutar og jenter til å ta tak i dommarfløyta.
I tillegg til at dette er både spanande og lærerikt, er det også ein fin måte å tene litt ekstra pengar på.
Kurset er gratis å delta på, og er spesielt målretta mot interesserte dommarspirar i alderen 14-30 år (og eldre).
Dommarkurset vert arrangert over tre dagar i Ørsta:
- Torsdag 26. august kl. 18.00 – 21.00 – Ørsta klubbhus
- Lørdag 28. august kl. 11.00 – 15.00 – Ørsta klubbhus
- Søndag 29. august kl. 11.00 – 15.00 – Ørsta klubbhus
Her kan du finne meir informasjon om påmelding til dommarkurs, henta frå Sunnmøre Fotballkrets si heimeside.