Hasundgot hentar Ristesund

Tidlegare LGFK-spelar klar for haustsesongen i Hasundgot.

Hasundgot og Larsnes/Gursken møttest til dyst i OBOS-cupen i samband med sesongoppkøyringa til 2019-sesongen. Den gongen spelte Stian Ristesund for sandssokningane.

No skal 27-åringen byte ut River Plate med Hasundgot stadion og 5. divisjon.

Onsdag kveld vart overgangen gjennomført og Ristesund er dermed klar for å spele i kvitt og raudt denne hausten.

Frå tida i LGFK har Ristesund spelt 60 offisielle kampar for a-laget, mellom anna ein cupkamp mot dåverande eliteserielag Aalesunds FK (i biletet ser du Ristesund i duell med AaFK-spelar Michael Barrantes).

I tillegg har han 12 kampar for reservelaget i 6. divisjon.

Mellom 2017-2018 hadde Ristesund eit lite opphald i Ålesund-laget Ellingsøy, der han rakk 17 kampar for dei blå og kvite før han returnerte til gamleklubben LGFK igjen i 2019.

Vi ønsker Stian velkomen til Hasundgot!