Målrikt oppgjer, men ingen poeng

Nytt intenst oppgjer heime mot Blindheim, men poenga blei dessverre med tilbake til Ålesund.

Sesongen starta på perfekt vis med siger heime mot Vigra, men i første bortekamp vart det tap 3-1 mot Aksla på nye Ratvika stadion.

Mot Blindheim, som rykka ned frå 4. divisjon i 2019, var det mindre forventningar knytt til siger, men det var likevel ein klar ambisjon om å gjere det vanskeleg for Ålesund-laget.

Men det tok ikkje lange tida før kampens første scoring kom for gjestene.

Allereie i det 8. speleminuttet smatt Sander Fløtre gjennom forsvaret, satte ballen kontrollert i mål åleine mot keeper Joakim Rødven og sørgja for ein verst tenkeleg start for vertane.

Vondt blei verre då ei nokså lik scoring blei satt i mål av bortelagets Johannes Hanken Tjøstheim 10 minutt seinare. Denne gongen frå litt skråare vinkel på Hasundgot si høgreside.

Men Blindheim var ikkje ferdigscora for omgangen. Rett før halvtimen var spelt fekk Blindheims Peter Røvreit Frostad banka inn 3-0, etter at Hasundgot ikkje fekk klarert unna eit hjørnespark.

Hasundgot var ikkje langt unna å finne vegen til nettmaskene i den første omgangen, men det nærmaste dei kvitkledde kom scoring før pause var ein susar i tverrliggaren av kaptein Helge Edinsen.

Vikebladet Vestposten (+): Innhaldsrik kamp mellom Hasundgot og Blindheim

I pausen gjorde vi nokre taktiske grep for å stresse bortelaget endå meir enn vi hadde gjort dei første 45 minutta. Og det gav så å sei umiddelbar effekt.

Før fem minutt var spelt av den 2. omgangen fekk Nicolai Molvær kriga inn 1-3 for Hasundgot og nytt poenghåp var tent på Hasundgot stadion.

Trua på poeng vart forsterka då Hasundgot fekk tildelt eit straffespark midtvegs i omgangen. Molvær tok ansvar for å ta straffesparket, men med eit tigersprang gjetta Anders Gangstad Kroken rett veg og slo ballen unna.

Det gjorde derimot ingenting, for innbytar Daniel Muren sørgja for at 2-3 kom like etterpå. Muren utnytta eit svakt utspark frå målvakta og satte i gang ei perfekt kontring.

Gleda vart dessverre kortvarig. Ti minutt seinare scora bortelaget to mål på rappen ved Bjørnar Fjørtoft Johansen og Tjøstheims andre scoring for kvelden.

Den andre omgangen endte derfor 2-2, men dessverre stod det allereie 3-0 til Blindheim halvvegs. Resultatet stod derfor 5-2 til slutt, som ikkje spegla kampbiletet i den 2. omgangen.

Hasundgot står framleis med tre poeng etter tre spelte kampar. No ventar Sykkylven borte i neste oppgjer førstkomande torsdag, før vi tek imot Vanylven til eit svært viktig oppgjer på Hasundgot stadion 9. september.

Kampfakta:

5.-divisjon
Hasundgot – Blindheim 2 – 5 (0–3)
Hasundgot stadion
Ca. 50 tilskodarar
Dommar: Morten Berge Digernes, Tjørvåg IL
Gule kort: Marius Muren, Sondre Farstad, Joakim Haugen

MÅL: 0–1 Fløtre (8), 0–2 Tjøstheim (18), 0–3 Frostad (28), 1–3 Nicolai Haddal Molvær (49), 2–3 Daniel Muren (70), 2–4 Fjørtoft Johansen (81), 2–5 Tjøstheim (83)

Hasundgot (4-5-1): Joakim Rødven – Marius Hauge Muren, Stian Pedersen, Helge Kalvatn Edinsen, Bendik Ringstad Dimmen – Sigve Stokkevåg, Nicolai Haddal Molvær, Adrian Bergo Vattøy, Sebastian Moldskred Kleven, Nikolai Aursnes – Stian Ristesund.

Innbytarar: Noah Sundgot, Elias Ringstad Aasmo, Nikodemus Garshol, Daniel Muren, Ruben Muren, Heine Ljones Kulø

Bileta er tekne av Andreas Bjerknes/Vikebladet Vestposten.