Muren tilbake i Hasundgot-trøya

Medan tidlegare Hødd-spelar gjer comeback i breiddefotballen.

På grunn av skulegong gjekk Daniel Muren i 2019 til bergensklubben Hasunds Hund, som er kalla opp etter tidlegare Hødd- og Brann-spelar Geir Hasund.

Den hausten rakk den no 23 år gamle angriparen å spele tre kampar for din nye klubb, og scora også to mål same haust.

På grunn av koronanedstenginga vart det verken kampar eller mål i tida hans i Bergen førre sesong, men no er den yngste av tre Muren-brør tilbake i Hasundgot-trøya for å jakte scoringar på Hasundgot stadion.

Muren var med i treningskampen mot LGFK tidlegare i sommar, som var hans 70. kamp for Hasundgot sitt a-lag. I den kampen scora hans også sitt 18. mål for moderklubben.

Forhåpentlegvis blir det endå fleire mål for Daniel når han no er tilbake i den kvite og raude trøya!

Ex-høddar til Hasundgot

I tillegg til Daniel har Hasundgot denne sommaren også signert tidlegare Hødd-spelar Helge Edinsen.

Helge la fotballskoa på hylla i 2011 etter å ha spelt fem år i Hødd, der han i alt fekk 137 kampar og scora 20 gonger for dei blåkvite.

Før den tid hadde han vore innom både Volda, Clausenengen og Åsane.

Edinsen tilfører mykje rutine i eit elles ungt Hasundgot-lag og kjem til å vere ein sentral brikke i forsvaret denne hausten. Han vert også ny kaptein for herrelaget.

Vi ønsker Helge velkomen!