Oppstartsmøte nytt fotballkull 2021

Fotballaktivitet

Velkommen til oppstartsmøte for 6-årslag i Hasundgot IL.

For å bidra til ein god og trygg oppvekst, ønsker Hasundgot IL at flest mogleg barn og unge skal få eit godt aktivitetstilbod i sitt nærmiljø.

Idrettslaget ønskjer derfor å invitere foreldre og føresette til eit oppstartsmøte for nye fotballag for seksåringar. Dette gjeld både for gute- og jentelag.

Dette møtet vert på Hasundgot klubbhus, onsdag 1. september kl 19.00.

Meld deg på oppstartsmøtet

I dette møtet ønsker vi mellom anna å få oversikt over spelarar og trenarar/lagleiarar som ønsker å vere med, og avklare forventningar rundt eit engasjement i idrettslaget.

Vi vil også fortelje litt om vår organisasjon og hjelpe med oppstart av lag, trening, osv.

Vi er heilt avhengige av engasjerte og inspirerte vaksne for å gi borna eit godt idrettstilbod, så alle er hjarteleg velkomne!

Dersom dette er noko for deg, ber vi deg melde deg på oppstartsmøtet for nye 6-årslag