Sesongens første tap kom mot Aksla

Hasundgot kom tomhendte heim frå Ratvika.

I nyare tid har Aksla vore ein tøff motstandar for Hasundgot. Det vart eit knipent 1-0-tap i KM-sluttspelet i 2018, etterfulgt av ein ny tett kamp som endte med 3-2-tap i sesongoppkøyringa i 2019.

Då laga møttest i serien i 2019 vart det tap 2-1 i Ålesund, medan det på Hasundgot stadion endte med 3-1-tap der Hasundgot avslutta kampen med 10 spelarar.

Med siger i opningskampen mot Vigra sist veke, hadde vi trua på eit godt resultat mot Aksla denne gongen. Starten på kampen vart derimot tøff.

Vertane på nye Ratvika stadion fekk styre mesteparten av spelet i innleiinga, medan vi sleit med å få kontroll på ballen.

Det resulterte i eit tidleg baklengsmål, der heimelagets Daniel Slotsvik fekk tatt ned ballen i god posisjon. Ballen sat sikkert inn i det lengste hjørnet.

På det tidspunktet hadde vertane god kontroll, medan Hasundgot forsøkte å finne eit smutthol i Aksla si bakre rekke med luft på ballen. Istaden for å kome tilbake til 1-1, vart det heller scoring andre vegen.

Sondre Roth fekk rundt halvtimen spelt forsere mot målet vårt, og etter å ha snike seg forbi presset satte Aksla-spelaren inn 2-0 i Ålesund.

Dermed vart det ein bratt bakk å klatre, men Nicolas Molvær tente eit håp like før pause.

Etter eit godt forarbeid av Isak Sundgot, som selte sin sist kamp for Hasundgot denne torsdagen før han gjer seg klar for å gå skule. Sundgot sendte i veg eit hardt skot, som keeper Simon Drabløs måtte gi retur på. På andreballen stanga Nicolai inn redusering til 1-2.

I pausen gjorde vi litt taktiske grep for å få litt meir trykk på dei raudekledde vertane, noko som lykkast bra i opninga av den andre omgangen.

Den forløsande 2-2-scoringa kom derimot aldri, og i staden vart det eit nytt baklengsmål mot slutten av kampen. Då gjekk mykje av lufta ut av Hasundgot, som ikkje klarte å svare på leiinga.

Årets første tap var dermed eit faktum, det fjerde på rad mot Aksla. Ny sjanse til poeng kjem torsdag når vi tek imot Blindheim til dyst på Hasundgot stadion.

Dette kan bli ein rett så underhaldande kamp, ettersom det har vorte scora 7 og 13 mål i dei to kampane som Ålesund-laget har spelt i haust. Kan det verte like mange mål på torsdag?

Kampfakta

5. divisjon, runde 2
Aksla – Hasundgot 3-1 (2-1)
Ratvika
Ca. 30 tilskodarar
Dommartrio: Martin Javier Solheim (Emblem), Karoline Nilssen Lande (Emblem), Bengt Kvalsvik (Blindheim)
MÅL HIL: Nicolai Molvær (43)

Hasundgot (4-4-1-1): Joakim Rødven – Marius Muren, Helge Edinsen (K), Bendik Dimmen, Elias Aasmo – Endre Støylen, Adrian Vattøy, Stian Pedersen, Nikolai Aursnes – Nicolai Molvær – Isak Sundgot

Innbytarar: Kristian Sundal, Noah Sundgot, Daniel Muren, Sigve Stokkevåg, Haakon Ringstad, Thomas Edvard Gjerde

PS: biletet i toppen er frå ein kamp mot Aksla i 2019.