Vi inviterer til arbeidsverkstad om visjon, verdiar og mål 7-8. september.
I løpet av hausten skal Hasundgot IL sin sportsplan reviderast. Hasundgot IL jobbar mot å verte NFF Kvalitetsklubb frå 2022, og i den samanheng inviterer klubben til arbeidsverstad om Visjon, verdiar og mål i Hasundgot IL.
Det vil verte arrangert to identiske verkstadar tysdag og onsdag 7-8. september, der du kan melde deg på ei av samlingane (gjerne begge om du ønsker dette).
Målet med verkstadane er å ha ei brei forankring av kva Hasundgot sin langsiktige visjon skal vere, kva verdiar vårt idrettslag skal stå for og kva sportslege mål vi bør setje oss.
Interessert i å bidra? Meld deg på ein av verkstadane her!
Om du har spørsmål, ta gjerne kontakt med sportsleg leiar Joakim Rødven: sport@hasundgot.no.
Om verkstadane
- Dagar: tysdag 7.9 og onsdag 8.9
- Tidspunkt: 18.00 – 21.00 (begge dagar)
- Stad: Hasundgot klubbhus