Utlikningsmål på overtid då eitt poeng blei med tilbake til Dimnøya.
Det har ofte vore målrike oppgjer når Hasundgot og Sykkylven møtest. Tidlegare har måla som oftast vore skeivt fordelt, men denne gongen vart det mykje jamnare på Dalemyra stadion.
Før oppgjeret var det ei fin minnemarkering av to lokale heltar som hadde gått bort. Då fløyta gikk var det derimot knallhardt alvor.
Det var uvant å spele på naturgras for gjestene frå Ulsteinvik, og allereie i det fjerde speleminuttet skulle det gleppe.
Eit godt innlegg frå Sykkylven si venstreside hamna rett i beina til Vegard Kaland, som banka ballen inn på bakerste.
Sjølv om det vart ein blytung start på kampen, var spelet både jamt og tett på ei fin grasbane.
Sykkylven hadde to gode sjansar til å auke leiinga, men heldigvis fekk sisteskanse Joakim Rødven avverga begge forsøka.
Då gjorde det ekstra godt då Hasundgot fekk eit innkast høgt i banen på venstresida. Med ein flott volley skrudde Nicolai Molvær inn sitt første for kvelden.
Då stod det 33 minutt på kampuret. Sjølv om begge lag ønskte å få med seg eit leiarmål inn i garderoben. Den scoringa kom aldri og laga var like langt.
Etter sidebyttet fekk Hasundgot ein like god start som vertane i 1. omgang. Allereie etter 2-3 minutt fekk Hasundgot tildelt eit straffespark, og nok ein gong gjekk Molvær sjølvsikker fram.
Med eit elegant hopp finta midtbanespelaren ut keeper og satte ballen sikkert inn i det høgre hjørnet. 2-1 og Hasundgot fekk ein pangstart på dei siste 45 minutta.
Gleda vart derimot kortvarig, for med eit tungt luftskyts var heimelaget farlege på dødballar. Fem minutt etter scoringa stanga Bengt Alnes inn utlikninga for Sykkylven.
Seks minutt seinare var same mann på plass nok ein gong på eit hjørnespark, og snudde kampen i Sykkylvens favør.
Hasundgot måtte jage, som gjorde at vertsne, kledd i marineblå for kvelden, fekk sette i gang ei kontring dryge 10-11 minutt før full tid. Espen Øygard snappa opp ei retur og sette – tilsynelatande – inn den avgjerande scoringa.
Men Hasundgot hadde ikkje reist to timar og med to ferjer for å kome tomhendte tilbake på rett side av fjorden.
Med om lag fem minutt igjen å spele fekk Hasundgot tildelt eit nytt straffespark. Sykkylven protesterte, men dommar Steinar Hjelle var sikker i si sak.
Molvær tok ansvar. Denne gongen gjekk midtbanespelaren for motsatt hjørne; redusering til 4-3!
Då var det berre ein ting som betydde noko: ofre alt for å få med eitt poeng. Og godt inne i overtida kunne Per Gustavsen og mannskapet hans sleppe jubelen laus.
Med ei skikkeleg «mølje» framfor målet til Sykkylven fekk Adrian Vattøy krangla inn ein dødball. Kampens åttande mål: fire til kvart av laga.
Sykkylven var nære å setje inn 5-4 i kampens siste spark på ballen då ein angriper smatt gjennom på høgresida, men ballen vart redda unna på strek.
Eit viktig bortepoeng mot ein tøff motstandar, og alt i alt eit kjærkomen poeng på bortebane.
No ventar eit skikkeleg basketak når Vanylven kjem på besøk neste torsdag. Det er ein kamp du ikkje vil gå glipp av ⚽️
Kampfakta
5.div, herre
Sykkylven – Hasundgot 4-4 (1-1)
Dalemyra stadion
Ca 40 tilskodarar
MÅL: 1-0 Vegard Kaland (4), 1-1 Nicolai Molvær (33), 1-2 Molvær (49), 2-2 Bengt Alnes (54), 3-2 Alnes (60), 4-2 Espen Øygard (79), 4-3 Molvær (85), 4-4 Adrian Vattøy (90)
Laget (4-4-2): Joakim Rødven – Marius Muren, Helge Edinsen, Stian Pedersen, Nikodemus Garshol – Nikolai Aursnes, Nicolai Molvær, Adrian Vattøy, Sebastian Moldskred – Endre Støylen, Haakon Ringstad
Innbytarar: Heine Kulø, Noah Sundgot, Bendik Dimmen, Sigve Stokkevåg, Daniel Muren, Elias Ringstad