Tidelgare i september, laurdag 18. september, deltok vårt J12 på Blindheim Tafjord Cup.
Dette var ei spanande turnering der laget spelte fire kampar mot god motstand.
Første kampen enda 1-1 mot vertslaget Blindheim, medan i kamp nummer to vart Langevåg slått knipent 1-0.
I dei to siste kampane vart det tap mot høvesvis Molde (1-2) og Stranda (0-4).
– Flott innsats og godt spel i tre kampar – spesielt mot eit veldig godt Molde-lag der vi tapte kampen heilt på slutten, seier trenarane Arnt-Ivar og Kristin.
Ein kjekk tur over fjorden vart avslutta med ein velfortent tur innom McDonalds på veg heim.
Vel gjennomført turnering, jenter! 💪