Poengdeling i sørederbyet

Jamt oppgjer mellom Hasundgot og Vanylven enda med eitt poeng kvar.

Det blir som regel alltid jamt og tett når Hasundgot og Vanylven møtest, og torsdag kveld var ikkje noko unntak.

Hasundgot verka mest på hugget i innleiinga av kampen og var nære å skape farlegheiter for gjestene frå Vanylven, men utteljing vart det dessverre ikkje.

I staden for vart det meir dramatikk i den andre enden av banen. Midtvegs i 1. omgang resulterte ein litt for tøff duell inne i feltet til at bortelaget fekk tildelt eit straffespark av dommar Zenun Murati.

Stian Sylte Bellen tok ansvar frå krittmerket, men med altfor mykje kraft blåste midtbanespelaren ballen langt over tverrliggaren.

Vi slapp derfor unna med skrekken – enn så lenge.

Kampens første scoring sat frykteleg langt inne i dette oppgjeret, og begge laga gjekk til pause på stillinga 0-0.

Men etter sidebytet gjekk gjestene rett i strupen på Hasundgot, og det bar dessverre med seg resultat.

Vikebladet Vestposten: Delte poenga (pluss)

Fem minutt etter sidebyte spratt ballen Vanylven sin veg etter ein avslutningssituasjon inne i feltet og ballen hamna i beina til Per-Gunnar Lundehaug. Det kunne sjå ut som at det vart eit sleivspark, men det var nok til å setje keeper Joakim Rødven ut av spel.

Ballen dalte inn i det lengste hjørnet og dei marineblå gjekk opp i leiinga.

(Saka held fram under biletet)

Sparebanken Møre og Tare var på plass og bidrog til aktivitet for dei minste. Foto: Vikebladet Vestposten

Då måtte Hasundgot jage ei scoring for å få med seg noko som helst frå oppgjeret, og var svært nære å få ei utlikning rundt timen spelt. Eit hjørnespark blei heada kontant mot målet til Ådne Seljeset, men ballen smalt i treverket og spratt ut av farleg sone.

Men scoringa skulle likevel kome. Eit nydeleg slått frispark av Simon Spjutøy hadde ei perfekt ballbane i retning Nicolai Molvær, som hadde tatt over kapteinsbindet etter at førstekaptein Helge Edinsen måtte gå av banen med ankelskade.

Molvær fekk krangla ballen i mål; 1-1 og laga var like langt!

Då fekk Hasundgot trua på tre poeng, men den avgjerande scoringa kom aldri – for verken Hasundgot eller Vanylven.

Laga delte derfor poenga broderleg mellom seg. Det var nok eit poeng begge kan leve med, men som ingen var veldig nøgde med.

No ventar ein ny tøff bortekamp til Giske søndag 19. september, der vi håper på sesongens andre siger i 5. divisjon.

PS: Simon Spjutøy vart også kåra til Sparebanken Møres bestemannspris i kampen, som fekk eit gåvekort på 1000,- hos Kaffebaren. Gratulerer!

Kampfakta

5.-divisjon
Hasundgot – Vanylven 1 – 1 (0-0)
Hasundgot stadion
Ca. 60 tilskodarar
Dommar: Zenum Murati
Gule kort: Isak Sundgot, Carl-Even Aarseth Grande, Noah Sundgot, Anders Sylte Bellen
Mål: 0-1 Per-Gunnar Lundehaug (51), 1-1 Nicolai Haddal Molvær (75)

Hasundgot (4-4-2): Joakim Rødven – Nikodemus Garshol, Simon Haddal Spjutøy, Helge Kalvatn Edinsen, Lars Henrik Solheim Hasund – Endre Aamodt Støylen, Nicolai Haddal Molvær, Adrian Bergo Vattøy, Andreas Grimstad – Isak Sundgot, Stian Ristesund

Innbytarar: Marius Muren, Sigve Stokkevåg, Nikolai Aursnes, Haakon Ringstad, Noah Sundgot

OBS: begge bileta i denne saka er tekne av Vikebladet Vestposten.