Sigeren glapp i sluttminutta

Ein kamp både Hasundgot og Godøy måtte vinne endte med poengdeling.

Det har vore trått med poengsamling denne hausten for både Hasundgot og Godøy, som før torsdagens oppgjer på Hasundgot stadion berre hadde vunne éin kamp hittil denne sesongen.

Medan gjestene frå Godøya berre stod med 3 poeng før turen til Dimnøya, hadde Hasundgot plukka med seg to poeng mot høvesvis Sykkylven og Vanylven i tillegg til sigeren over Vigra i opningskampen.

Det var derfor to lag som sårt trengte poeng for å klatre oppover tabellen. Derfor ønskte vi å gå rett i angrep i denne kampen, noko som ga umiddelbar resultat.

Etter å ha trua farleg frampå i starten, fekk Stian Ristesund si aller første scoring for sin nye klubb – etter overgangen frå LGFK tidlegare i sommar.

Midtbanespelaren kom på eit sugande gjennombrotsløp, snappa ballen framom keeper og satte ballen kontrollert i mål bak Vetle Valkvæ Furnes.

Den gode starten vart endå betre då ei ny flott gjennombrotspasning fann vegen til høgrekant Endre Støylen, som runda keeper og satte inn 2-0 før kvarteret var spelt. Kanonstart for Hasundgot!

Etter 15-20 gode minutt av heimelaget, begynte gjestene å kjempe seg inn i oppgjeret igjen. Hasundgot vart liggande lågare i banen, noko som gjorde at Godøy fekk meir tid og rom til å slå dei lange pasningane som dei er sterke på.

Dette resulterte også i at det vart mange dødballar på vår bakre tredjedel.

Like før pause skjedde det unngåelege; Godøy reduserte på eit hjørnespark. Den første situasjonen vart avverja, men på andreballen fekk Sven Harald Nyvoll stanga inn Godøys første mål for kvelden.

Hasundgot gjekk inn til pause med ei eittmålsleiing, men alle var samde om at her var det rom for forbetringar etter avslutnings på den første omgangen.

Utover i 2. omgang vart det ein jamn og tett kamp, der kampen bølgja fram og tilbake. Mykje av kampen handla om duellspel og kriging rundt midtbanen.

Kampen ebba sakte mot ein knipen, og viktig, siger for Hasundgot. Men idet klokka passerte 90 minutt kom ei nedslåande utlikning for bortelaget.

Eit tilsynelatande ufarleg innlegg frå Godøys høgreside skulle klarerast i bakre rekker, men både på første og andre forsøk vart det eit godt, gamaldags sleivspark.

Ballen hamna derfor hos kaptein Jan Arild Austnes på bakerste stolpe, som åleine med keeper Joakim Rødven sette ballen kontrollert inn i det lengste hjørnet.

Den avgjerande scoringa kom aldri for verken Godøy eller Hasundgot, og begge lag måtte derfor ta til takke med eitt poeng kvar.

Etter sju spelte kampar ligg derfor Hasundgot no rett over

Kampfakta

5.divisjon, runde 18
Hasundgot – Godøy 2-2 (2-1)
Hasundgot stadion
Dommar: Torgeir Halsen, Vanylven FK
MÅL: 1-0 Stian Ristesund (4), 2-0 Endre Støylen (14), 2-1 Sven Nyvoll (40), 2-2 Jan Arild Austnes

Laget (4-3-3): Joakim Rødven – Marius Muren, Nikolai Aursnes, Stian Pedersen, Nikodemus Garshol – Nicolai Molvær, Sebastian Kleven, Stian Ristesund – Endre Støylen, Andreas Grimstad, Daniel Muren

Innbytarar: Bendik Dimmen, Noah Sundgot, Lars Henrik Hasund, Haakon Ringstad, Elias Rooney, Heine Kulø, Sigve Stokkevåg