Tøff bortekamp på Giske

Eit sterkt heimelag vart tre nummer for store på Giske stadion.

Forholda låg til rette for ein god dag for fotball då Hasundgot tok turen over fjorden for å kjempe om nye poeng på utebane.

Ei strøken grasbane, nydeleg vêr og godt oppmøte på tribunen la ramma for ein spanande kamp på Giske stadion.

Det var heimelaget som var mest på hugget i innleiinga og pressa Hasundgot godt bakover.

Likevel klarte Hasundgot å mure igjen bakover.

Offensivt lugga det dessverre meir for gjestene, ikledd sine grå og neongule bortedrakter. Sjølv om vi fekk etablere oss oppe på motstanderens banehalvdel innimellom, klarte vi ikkje å true målet nok til å tvinge fram ei scoring.

Rundt halvtimen spelt vart eit langt avbrekk i kampen då keeper Joakim Rødven og ein Giske-spelar smalt saman i ein duell i feltet. Rødven tok teljing og måtte lappe saman ei blodig nase. Heldigvis var det råd å stoppe blødninga og 29-åringen kunne halde fram.

Den 1. omgangen hadde fleire tøffe duellar, spesielt på dødballar, men scoringane uteblei. Laga gjekk derfor i garderoben med eit målfattig resultat halvvegs.

Etter sidebytet fekk vi ein skikkeleg kalddusj, ettersom Giske gjekk opp i 1-0 allereie etter 2-3 minutt spelt.

Då måtte Hasundgot opp og jage ei utlikning, og sjølv om det sat veldig langt inne med ei scoring var vi lang meir med i oppgjeret i den andre omgangen.

Etter å ha prøvd og prøvd for å finne ein veg forbi Giske-keeper Robert Sundby, skulle dessverre kampens andre scoring for heimelaget bli eit faktum mot tampen av kampen.

Eit innlegg frå venstre vart pirka i mål, rett framfor Hasundgots keeper.

Då var kampen i praksis avgjort, men Giske la på til 3-0 på overtid etter eit langt oppspel spratt heimelagets veg, sjølv om gjestene følte seg snytt for eit frispark i forkant av scoringa.

Scoringa vart derimot ståande og kampen endte med tremålssiger for heimelaget, som hadde god kontroll på kampen.

Hasundgot ventar derfor framleis på sesongens andre siger. Den kan kome mot tabelljumbo Godøy, som kjem på besøk til Dimnøya allereie førstkomande torsdag.

Kampfakta

5.divisjon, runde 17

Giske – Hasundgot 3-0 (0-0)

Giske stadion

Dommar: Bjarte Steinsbu, Brattvåg

Laget (4-4-2): Joakim Rødven – Marius Muren, Nikolai Aursnes, Bendik Dimmen, Nikodemus Garshol – Endre Støylen, Nicolai Molvær, Sigve Stokkevåg, Andreas Grimstad – Haakon Ringstad, Simon Mork

Innbytarar: Heine Kulø, Noah Sundgot, Daniel Muren, John Arne Apelseth, Elias Ringstad