Velkomen til Søre-derby på Hasundgot stadion!

Hasundgot og Sparebanken Møre inviterer til folkefest torsdag 9. september.

Førstkomande torsdag vert det ny heimekamp på Hasundgot stadion når Vanylven FK kjem på besøk. For å gjere litt ekstra stas på kampen, ønsker hovudsponsor Sparebanken Møre å bidra til folkefest på stadion.

Mellom anna kjem Tare på besøk, som både vil dele ut noko godt å knaske på til dei minste og andre kule effektar frå Sparebanken Møre.

Sparebanken Møre, som vert kampsponsor for denne kampen, vil også dele ut bestemannspris etter kampslutt. Spelaren som vert kåra til bestemann får eit gåvekort på KaffeBaren i Ulsteinvik til ein verdi på 1.000,-

LIK OG DEL VÅR FACEBOOK-HENDING

Her ligg derfor alt til rette for ein fantastisk kveld på Hasundgot stadion – forhåpentlegvis i flott fotballvêr!

Vi tek sjølvsagt omsyn til gjeldande smittevernsreglar i løpet av arrangementet.

Vel møtt!